Furu frå området rundt Sognefjorden er kjend for sin høge kvalitet langt utanfor Sogn sine grenser, og har vorte levert til mange prestisjetunge byggverk. Tømmeret som vert nytta vert henta fram frå skogen på ein skånsam måte.

Sønnesyn Sag er ei tradisjonsrik familieeigd bygdesag med eit årsforbruk på om lag 800 til 900 m3 tømmer. For oss er det viktig at du som kunde skal få det du ynskjer. Vi har gjennom åra investert i sagutstyr og bygg som gjer oss i stand til å drive kundetilpassa produksjon. Om det let seg gjere skal vi få det gjort!

Sønnesyn Sag er medlem av Norsk Bygdesagforening. Vi vart kåra til «Årets Bedrift» i Luster kommune i 1999. Du finn oss på Indre Hafslo, 2 mil frå Sogndal, mot Sognefjellet. Det er skilta avkøyring på Rv 55.